Jubileumsbanner 2012

stotttebanner

Gjenom vårt «aktive Etne» prosjekt ynskjer me å gje ei handsrekning til gode for born og ungdom i vårt nærmiljø. Det kan vere enkeltpersonar, lag eller organisasjonar.

Etne auto as fylte 25 år i 2012 og me har dei sist åra hatt ei formidabel utvikling som me er svært stolte av. Men samstundes må me også vere audmjuke og takksame ovanfor alle våre lojale kundar som har støtta oss, og nytta seg av våre tenester gjennom alle desse åra. Dei er den direkte årsaka til at verksemda er der den er i dag.

 

Me har eit ønskje om å gje noko tilbake til alle desse lojale kundane.  Me er komen fram til at den beste måten å gjere dette på er å støtte lokale lag og organisasjonar, dog spesielt dei som driv barne og ungdomsarbeid.

Me har brukt betydelege midlar til marknadsføring dei siste åra og me velgjer no og trappe ned dette for istadenfor  investere desse pengane i ovannevnte formål. Klarar me i tillegg å betre resultata våre vil deler av overskotet gå til dette.

I 2012 brukte me kr. 60 000,- sponsing av lag og organsisasjonar, medan me i 2013 har sett av kr 200 000,- til dette (så lenge me driv med overskudd vil evt. overskytande verte overført til neste år).

Me håpar at ved å øyremerke midlane born og ungdom, som med stor sansynlighet har foreldre eller besteforeldre som  har nytta seg av våre tenester. Gjev me noko attende av det som har vore investert i oss av lokalsamfunnet. 

Kven er kvalifisert for støtte: i utgangspunktet er døra open for alle men nokon kriterier verte lagt til grunn for tildeling:

 

• Ha ei naturleg tilknytting til vårt kundeområde

• Delta i profilering/marknadsføring av Etne Auto

• Bidra på våre nettsider under "Aktive Etne"

• Sponsoravtale må kunne nyttast i vår marknadsføring

• Villig til å stille opp ved aktivitetar etc.

• Kreativ søknad

• Ha fordelar for born og ungdom i nærmiljøet spesielt

 

Håpar eg ser di/dykkar søknad gjerne på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ynskjer du meir informasjon er du velkommen til å ta kontakt med Ole Martin på telefon 53 75 62 00 tastevalg 3

 

 

pdf icon 
Støtte gjeve i løpet av 2013